17. mai på Gaustatoppen

Gaustatoppen og værgudane viste seg frå si beste side da omlag 200 entusiastiske turfolk frå store delar av Sør-Noreg møtte opp for å ta del i skitoget og 17. maifeiringa på Telemarks tak.

Tekst: Jon Ingebretsen 

Mange bunadsklede deltakarar satte sitt preg på samlinga oppe ved turisthytta. Trompettonane til Mildrid Wastling frå Møsstrond ljoma utover fjellheimen, og skapte ein ekstra stemning. Det var elles ei lita 17. maitale og lyriske innslag ved initiativtakaren til denne årvisse feiringa, Jon Ingebretsen, som sjølv deltok i toget til topps. Gaustahytta var pynta i vakraste skrud både inne og ute av vertinna der, Ann Kristin og medhjelparane hennar. Folket kosa seg i solvarmen i den drivkvite snøen, der flagget kjem til sin fulle rett. Det er noko sereige og symbolsk med å feire nasjonaldagen til fjells i dette fjellandet i nord, og Gaustatoppn har etter kvart peika seg ut til å bli ein populær areana for denne feiringa.