Gaustadagen 2020

Foto: Bernt S Andersen

Gaustadagen ble i år avhold på selveste Kom deg ut-dagen, og det ble nok en suksess.

Tekst: Jon Ingebretsen

Gaustatoppen gøymde seg ikkje uventa i tåkehatten sin frå morgonen og utover dagen og varta også opp med kuldegrader. Men i denne tåka og etter ei snøbyge, kom sola fram og skapte som vanleg ei magisk stemning, slik at programmet kunne gjennomførast etter planen, rett nok litt innkorta.

Vertinna på Gaustatoppen turisthytte, Jorunn Karlberg Tveiten, ønskte velkomen til toppen og hytta og presenterte rutiner og reglar for smittevern.

Da songaren Malin Røysland Skårberg frå Tinn kvea med vakker røyst fine folkesongar frå Telemark, kom likevel snøbyga og la seg som eit kvitt slør i den staslege bunaden hennar.

Men da ordførarane Steinar Bergsland frå Tinn og Bengt Halvard Odden frå Hjartdal gjesta dagen og kom med helsingar, kom sola og jaga tåka og snøveret vekk. Det passa derfor fint når arrangementsleiar Jon Ingebretsen frå DNT Telemark framførte sitt hyllingsdikt til fjellvidda og fortalde Gaustatoppens unike geologiske historie i kortform.

Det heile kuliminerte i dagens hovudinnslag da skodespelar Jeanne Bøe på sin inspirerande og friske måte framførte sider av Henrik Ibsens forhold til fjell og vidde gjennom prosa, lyrikk og song, innimellom krydra med musikk av saksofonisten Andre Kassen. Den vakre avslutningssongen hennar satte avslutningsstandarden på dagen til stor begreistring i haustleg kulde frå eit 100-tals tålmodige tilhøyrar i ly for vestavinden ved hytteveggen.

- Tilslutt takka Jon Ingebretsen alle som hadde medverka ved å gje dei den nye boka si «På tur i Telemark – frå Jomfruland til Gaustatoppen».

Skrevet av Katrine Tellsgård 6. september 2020